31.07.2013

oljemaleri

Illusjonen av eit blankt eple ..mala med gunnfargane gul, blå, rød + kvit





30.07.2013

digitalt maleri

dette portrettet er laga med ulike digitale malepenslar som etterliknar akvarell



29.07.2013

eventyrillustrasjonar


frå evntyret om dei Sju Ravnane

utkast til illustrasjon



 "I wish those boys would all turn into ravens..."


28.07.2013

På staffeliet

eit bilde av typen elg i solnedgang .... langtidsprosjekt



1. steg - leik med linjer , på dette stadiet  gjeld det å få ned ein brukbar komposisjon, denne er ikkje heilt god så nokre endringar må til.. følg med ,følg med

27.07.2013

Blyant og pastell

Rød og kvit pastell med blyant på farga papir


Sovande baby
inspirert av barokk-malaren  Peter Paul Rubens

26.07.2013

eit forlatt reir, inspirert av kinesisk måleri med artisan og vårt eige jernoksyd





25.07.2013

Plexibilde

Plexibilde med akrylmaling og lin.



Som "glassmaleri" på utstillinga,




og som "bilde" heime på stoveveggen.....

24.07.2013

oljemaleri

Oljemaleri kan vera så mangt. Dette er måla med kun 3 fargar  med inspirasjon frå impresjonismen

 Impresjonismen ville fastholde det øyeblikkelige inntrykk og den umiddelbare naturopplevelse, og frigjøre paletten for jordfargene. "

"Ro seg i land"
bildet vart seld på utstillinga vår i mai.


23.07.2013

22.07.2013

Ballongvasen



Fant ein gammal vase fra barndommen.



Fin i trappa med lerkekvistar fra Rossneset.

21.07.2013

inspirasjon frå den gamle Banevegen der toget gjekk med kis frå Gruvene 





bildet er innkjøpt av ein kunstsamlar på Stord

20.07.2013

Fredfylt båt.


Å sitje å sjå på denne båten  er som meditasjon......



Roen berre senkar seg.......

19.07.2013

Under jorda

dette bildet er malt i impasto teknikk med kniv. Inspirasjonen er henta frå Gruvemuseet på Stord Gruo.no

Det vart med på ein  juryert utstilling  med temaet "Sacred Spaces"


bildet er no innkjøpt av  ein kunstsamlar på Stord

17.07.2013

Krusedull


Akrylmaling på linstoff.

Minnar om krusedullane me mala i barndommen.








16.07.2013

portrett


dette portrettet er laga med digitale verktøy, men prinsippet er det same om ein malar på lerret  med olje   eller akryl. Denne teknikken har ingen konturlinjer berre svake overgangar frå ein fargevalør til neste.
   Om du nesten lukker augene og myser på bildet vil det framstå klårare. 





 auga forstørra opp vert   som eit abstakt motiv.....



15.07.2013

Hyttefint


Ein liten ide til å setta saman ting frå vår eigen kystkultur.



14.07.2013

Malt på tynn finerplate


Bildet er malt på ei tynn finerplate, grunna med akrylbasert gesso  med fargane burnt umber, titanium kvit og litt   "gruvepigment" blanda inn .Bildet er no til salgs direkte frå atelieret, kontakt Grethe




80cm x120cm
olje på plate i ramme kr.2000,- 

13.07.2013

Stilleben

Eit lite forslag til korleis ein enkelt kan dekorera.





gammalt og nytt saman med litt natur- skapar ein maritim stemning.


12.07.2013

DIY rammer


To stk. rammer.....


 legg på struktur, f.eks tape, el. biter av papp etc. smør på decopage-lim og legg på folie ......



mal over med uttynna svart akrylmaling og tørk av mesteparten igjen.....





sjå rammene ferdig montert i eit seinare inlegg ...

11.07.2013

Diamanten

Designlampe frå Seletti.
Her i enkle omgivelsar, men den skal nok få sin plass
saman med andre effektar.....




Something old, something new........

10.07.2013

hus i akvarell teknikk


eg brukar skissa eg har laga frå før og overfører via "tracingpaper" over på eit akvarellpapir -neste steg er å leggje ei lavering med rødt over huset og ulike grøne nyansar i kring.....


markering med fargen paynes-grey som nesten er svart



 nytt lag med farge og påføring og maling av dei ulike struktrurane som murstein o.l.
(obs.. fotoet av maleriet er i pespektiv,ser litt rart ut)


men her er det ferdige resultatet sett inn i paspatur 27x35

kr.800.- utan ramme

vil du ha eit liknande bilde av eit eller fleire hus du kjenner, td. som ei gåve,  kan du kontakte  Grethe

09.07.2013

08.07.2013

teikneteknikk

slik teiknar Grethe eit hus:
  måler med blyanten på strak arm


lengder høgder i forhold til kvarandre,finn rette proporsjonar ved f.eks. å  "spørja" 
  kor mange vindu kan du setja oppå kvarandre-  opp til mønet - ned til bakken bort til hjørna- bort til neste vindu osv..sett merke på papiret etterkvart som du finn svaret - dette er eit alternativ til å setja opp perspektivlinjer som ofte kan bli litt stivt i uttrykket. 


neste steg er å 
"notera" ned dei ulike overflatestrukturane ein ser, slik som her, teglstein tak-strukturen m.m


ferdig skisse........



06.07.2013

Metall-bilde

"Metall " bilde 
av

treplate, aluminiumsfolie,limlakk, div. struktur-materiale


bildet får eit rustikk, gammalt, metallisk uttrykk 

slik lagar du det:


bruk ei treplate eller eit male lerret 

til strukturen her er det brukt bitar i finer, grillpinnar og coctailpinnar i tre. Du kan f.eks bruka bølgepapp,flate knappar, snorer m.m




pensle på limlakk design biletet og legg over  på aluminiumsfolie, pensle over med svart/brun  akrylmaling utynna i vatn og tørk av igjen  det meste  til du har ein fin antikk patina.........glatt ut folien her og der...

lukke til



05.07.2013

Dekor av gamle årer.

Gamle årer kan brukast til så mangt.




Friskar opp ein kjedelig hyttekrok.

04.07.2013

Utsikt til Stord-fjella

Utsikt til Stord-fjella
 var med  i juryert internasjonal biletkonkuranse over temaet:
"rural living, rustic charm, outdoor, pastoral scenes"
 455 bilete frå 140 kunstnarar fordelt på 12 forskjellige land og 34 statar deltok. "Stordfjella" vart blandt dei 5 som fekk den såkalla honerable mention award.........


40x40 olje på lerret 

03.07.2013

02.07.2013

Rammer

 dei gamle rammene .......
  rubba lett med sandpapir, eit lag med heftgrunn  og litt spraymaling



bildet av treet i siluett vart delt opp
 ei korallfarga og ei grønn bryt fint med dei svarte,  eine delen vart montert på ei lita maleplate utan ramme....


resultatet vart ein artig veggdekor.....

01.07.2013

Redesignet vindu

Her er ein ide til redesign av gammalt "skrot".

                                                                                                                                   

Eit gammalt vindu og eit sjøkart av Bømlafjorden blir flott dekor på hytteveggen til
Bente i Dåfjorden.